Hardanger sin

KUNSTNARBUSTAD

i BERLIN

SØKNADSFRIST

1.6.2025

KUNSTNARHUSVÆRET HARDANGER- BERLIN


Det skal vere mogleg å leve godt som kunstnar i distrikta, og det er då særskild viktig at ein i periodar kan søkje impulsar internasjonalt. Kunstnarhusværet Hardanger Berlin ligg i bydelen Schöneberg. Kunstnarar og kulturarbeidarar kan søkje om opphald i dette husværet til arbeid - eller kortare studiar. Hovuddelen av året er reservert for kunstnarar som bur i eller har deler av sitt virke i Hardanger. I tillegg kan kunstnarar frå andre distriktskommunar i Vestland søkje. Dei som får tildelt opphald i husværet kan bli spurd om å presentere noko frå sitt kunstnarlege virke på nett eller i samband med arrangement.


KVEN KAN SØKJE?


Du kan søkje om opphald i dette husværet om du er profesjonell kunstnar  eller kulturarbeidar- innan alle kunstfelt - og bur i eller har deler av ditt virke i Hardanger eller andre distriktskommuner i Vestland. Du kan søkje om opphald for to veker og inntil 3 månader. Det kan gjerast unntak frå dette om det er særskilde grunnar knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.


Følgjande vert vektlagt i vurderinga av søknadane:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnarlege arbeid og potensiale for vidare utvikling.
  • Plan for opphaldet.
  • Eventuelle kontaktar med institusjonar, nettverk etc. i Berlin.


Hardanger Kunstlag tek imot og registrerar søknadane

OM HUSVÆRET/ HUSREGLAR


Husværet ligg i tredje høgd i eit gamalt og sjamerande bygg. Det har enkel standard. Huseigar har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn og praktiske råd. Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre. Ein må sjølv vaske etter endt opphald.
Kunstnarane som får tildelt opphald må i 2025 betale kr 700 per veke  for tildelt periode. Prisen vert frå og med 2026 heva til kr 1000 per veke. Den som har fått tildelt opphaldet pliktar å gi opplysning til Hardanger Kunstlag om ein har overnattande gjester, kor mange og over kor mange døgn. Opphaldet vert fakturert i etterkant.


HUSREGLAR

Det er mange ulike personar som nyttar dette husværet. Dersom alle fylgjer husreglane blir det triveleg å opphalda seg i husværet, og mindre arbeid for dei som har det årlege tilsynet. Ver venleg å les gjennom punkta under og fylg retningslinene som er sett opp.


INFORMASJON

I stova finn du diverse bøker og brosjyrar med gode råd og tips for opphald i storbyen. Du finn også mange gode tips i gjestebøkene. På arbeidsrommet er eit par boksar med basisverktøy pluss litt diverse utstyr som kan vera til nytte. Der er også ein dataskjerm og ein skrivar/ kopimaskin, som kan koplast til eigen pc/ mac.


STILLETID

Huset er gamalt og sjarmerande, men det er dårleg isolert mellom etasjane. Derfor er det viktig å ta omsyn til «stilletid» som er mellom kl 13 – 15 på kvardagar, samt heile søndagen. Dette er ein vanleg husregel i Tyskland og bør overhaldast.


BESØK

Opphald i husværet er eit studie/arbeidsopphald. Besøk må vera avgrensa i tid og omfang. Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre. Dersom du ikkje kan nytta heile el deler av tida, skal Hardanger Kunstlag bli kontakta, slik at andre kan få tilbod om å nytta husværet.


MØBLERING

Husværet er enkelt, men funksjonelt møblert. Her er kjøkkenutstyr for enkel matlaging, samt sengeklede og handklede. Her er dyner og puter til seks personar. Du finn dei på hemsen og i utstikkaren på sofaen. Ikkje kjøp inn saker og ting som du set att. Ta kontakt dersom det skulle vera noko som manglar eller som vert øydelagt. Skulle noko av serviset bli knust, er det fint om du kjøper nytt på IKEA (Südkreutz) av same slag.


LUFTING

For å unngå for mykje svevestøv i husværet er det lurast å lufta ved å opna vindaugo som vender mot bakgarden. Dei øvste vindaugo i stova bør ikkje opnast. Det er svært vanskeleg å lukka dei att.


RØYKING

Det er ikkje lov å røyka inne i husværet. Du kan bruka altanen om du samlar opp og fjernar oske og sneipar.


LÅSING

Pass på at boltane i venstre ytterdør her i husværet er skikkeleg festa oppe og nede i karmen. (Det var dei ikkje i Bergens-husværet då tjuvar kom seg inn i 2012.) Når du går ut, bør du vri nøkkelen ein gong rundt i låsen i tillegg til smekklåsen.

Gatedøra skal vera lukka, men ikkje låst frå innsida, for i nødsfall må ein kome seg ut utan nøkkel. Om den vert låst vil heller ikkje døropnaren frå husværa virka. Sjekk at gatedøra smekkar skikkeleg i, når du kjem og går. Hugs «innestemme» i trappegangen.


BOS

Det er søppelspann i bakgarden. Dei er merka med bio, papir, glas, og dei grå utan merke er for restavfall. På kjøkenet er det dunkar for sortering av avfall.


NB!

Går du tom for søppelposer, dopapir, vaskemiddel ol. skal du erstatte dette med

nytt. Dette blir stående til neste gjest.


INTERNETT

Det er ikkje eige WIFI i husværet.


POST

Nede i gangen er det postkasse til husværet, merka med Hardanger-klistremerke. Nøkkel til postkassen heng i skapet i gangen inne i husværet. For å motta post må du setja namnet ditt på postkassen. Om ikkje blir den returnert av postverket. Hugs å fjerna lappen før du dreg, og å hengja nøkkelen på plass att i skapet.


VASK AV TEKSTILAR

Det er ikkje vaskemaskin i leiligheita. Men det er eit myntvaskeri i Hauptstrasse 127, på høgre sida i retning sentrum. Dei har ope frå kl 06 - 21 kvar dag. (hente vask fram til kl 22) Der er store vaskemaskiner og tørketromlar. Ei anna løysing kan vera å ta med eigne sengeklede, handklede og kjøkenhandkle mm heimefrå.


VASSKOKAREN OG KAFFITRAKTAREN

Det blir fort kalkbelegg i vasskokaren. Gi den ein omgang med avkalkingsmiddel ved behov. Den blir fin som ny. Du finn middelet under vasken. Hugs å skola godt etterpå, og kok opp to gonger med reint vatn før bruk. Kaffitraktaren kan reinsast med ei blanding av eddik og vatn i forhold 1-4.


DUSJING

Når du dusjar, hugs at dusjforhenget alltid må hengja på innsida av badekaret. Dersom det heng på utsida vil det kunne føre til vasslekkasje for husværet under. Ta alltidopp silen i badekaret og rens den og sluken under for hår, etter at du har dusja eller brukt badekaret.


SYKKEL

I bakgården står ein rosa sykkel med HardangerBerlin klistremerke. Nøkkel til sykkelen, og umbrako-nøkkel for regulering av setet, finn du i skapet i gangen. Sykkelkart finn du i boksen med kart. Hugs alltidå låsa sykkelen når du set den frå deg – også i gangen. Hugs å hengja nøklar på plass att i skapet før du dreg.


VED AVREISE

Det skal vera reint, ryddig og triveleg for nestemann som kjem.Tøm kjøleskap for mat eller spør nestemann om han/ho vil nytta det som måtte vera att. Komfyr, kjøleskap, hyller, skap på kjøken og bad samt badekar og wc skal vaskast, samt støv skal tørkast frå karmar, bord og flater i heile husværet. Golv og tepper i alle rom skal støvsugast og golva vaskast. Dra fram sofa, seng og madrasser for å få reingjort under. Støvsug sofaen, evt vask sofateppa på 40 grader. Tørk også av bord og stolar på altanen, samt golvet.

Før du reiser må alle sengkle, handkle og vaskeklutar vera reine.


Eventuelle skade på interiør må erstattast. Feil og manglar skal snarast meldast Hardanger Kunstlag.


Om du kjem til skitten leilighet må du melde i frå med ein gong og ta foto.

Den skyldige vil få et ekstra gebyr for manglande reinhald.


DERSOM TRONG FOR UMIDDELBAR HJELP

Om det gjeld vatn eller oppvarming ta kontakta med Herr Connolly: mob +49 0177 250 4226

Om det gjeld det elektriske kontakt Herr Schmittinger: mob. +49 15229966911

epost: Schmittinger@mms-communication.de


Huseigaren Thomas Kerner (thomas-kerner@web.de,+4979096518380)

og Hardanger Kunstlag (post@hardangerkunstlag.no, mob.+47 45214512 ) må også bli orientert.


Ikkje avtal store reparasjonar før det er klargjort kven som har det økonomiske ansvaret.

Me vonar du får eit fint og interessant opphald og at du skriv i gjesteboka før du drar!



 

Husværet ligg rett ved S-banestasjonen Schöneberg som tek deg overalt, vidare til U-banen osb. Schöneberg er og eit eigna utgangspunkt for buss.

KVIFOR HARDANGER - BERLIN?


Kunstuttrykk er ein del av samtida dei blir skapt i. Difor treng aktørane innan kunst og kultur - som alle andre yrkesgrupper - å oppgradera seg i kva som skjer innan sitt fagfelt. Ein treng kontakt med fagfeller og miljø som gjev nye innfallsvinklar, idear og kunnskap. Ein treng å sjå og oppleva kunst på internasjonalt nivå – og alt dette får ein i Berlin. Inntrykka frå storbyen har ein med seg som eit fagleg depot. Det gir grunnlag for utvikling av nye prosjekt, konsertar, utstillingar, ulike kultur og kunst arrangement samt i undervisning til barn og vaksne i Hardanger og Vestland. Hardanger Berlin er eit spleiselag samensatt av Hardanger Kunstlag, Kunsthuset Kabuso, hardangerkommunane og Vestland fylkeskommune.


Kunstnararkiv 2009 - 2025



Aud Bækkelund

Annlaug Børsheim

Annlaug Marie Tolo

Arild Helleland

Arnhild Litlerè

Anne Hesvik

Anna Einemo Frøysland


Benedicte Maurseth

Brit Aksnes

Brita Grov

Berit E.Frøysland

Bodil L. Rørtveit


Camilla Haukedal


Eli Raa Nilsen

Els Geelen

Erlend A. Bolstad

Elisabeth Emmerhoff

Eirik Bøen Gravdal

Ellen Harrison

Eli Gunnvor Grønsdal

Frode Halvorsen

Fredrik Høstaker

Grete Byrkjeland


Heidi Marie Vestrheim

Helene Førde


Inger Elisabeth Aarvik

Inger Lise Vikne

Ingerid Jordal

Ingvild Ystanes

Ingeborg Blom Andersskog

Ingunn van Etten

Inger Kristine Riber

Iben Mansfeld


Jørn Kurt Bergo

Johild Mæland

Jorid Lekve Eide

Judy Sirks Vevle


Kaeto Sweeney

Karen E. Bøen

Kwestan Jamal Bawan

Kristin Mulders

Kjell-Erik Ruud

Kamilla Sajetz Mathisen

Kristian Tiller Torsvik


Lisa Him Jensen

Lars Oskar Jonsson

Lars Ove Seljestad

Linn Heidi Stokkedal

Leander Djønne

Lars Korff Lofthus

Leif Ingvar Ranøien

Lillian Samdal


Maria Nerhus

Mari Skeie Ljones

Marita V. Bratteteig

Monika Engseth

Monica Takvam


Olav Kristiseter

Ole Mads Sirks Vevle


Pål Gunnar Dale

Pernille Rosfjord


Renate Rivedal

Rannveig Djønne

Rannveig Helen Lægreid

Randi Storaas

Rigmor Hovland

Reidun Horvei


Stein Urheim

Silje Hveem

Solbjørg Tveiten

Synneva Heradstveit

Sondre Bjørgum

Solfrid Aksnes

Silje Fortun Solvi


Torleif Bay

Tone Tornøe

Torbjørn Ljones

Thomas Bruvik

Victoria Guozikovski

Vigdis Nielsen

Vilde Jensen Hjetland


Ørjan Hartveit


Ådne Dyrnesli

Åse Berit Skeie Ulltang

Åse Vikse


unsplash