Hardanger sin

KUNSTNARBUSTAD

i BERLIN

SØKNADSFRIST

01.05.2024

KUNSTNARHUSVÆRET HARDANGER- BERLIN


Det skal vere mogleg å leve godt som kunstnar i distrikta, og det er då særskild viktig at ein i periodar kan søkje impulsar internasjonalt. Kunstnarhusværet Hardanger Berlin ligg i bydelen Schöneberg. Kunstnarar kan søkje om opphald i dette husværet til arbeid - eller kortare studiar. Hovuddelen av året er reservert for kunstnarar som bur i eller har deler av sitt virke i Hardanger. I tillegg kan kunstnarar frå distriktskommunar i Vestland søkje. Dei som får tildelt opphald i husværet kan bli spurd om å presentere noko frå sitt kunstnarlege virke på nett eller i samband med arrangement.


KVEN KAN SØKJE?


Du kan søkje om opphald i dette husværet om du er profesjonell kunstnar - innan alle kunstfelt - og bur i eller har deler av ditt virke i Hardanger eller andre distriktskommuner i Vestland. Du kan søkje om opphald for to veker og inntil 3 månader. Det kan gjerast unntak frå dette om det er særskilde grunnar knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.


Følgjande vert vektlagt i vurderinga av søknadane:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnarlege arbeid og potensiale for vidare utvikling.
  • Plan for opphaldet.
  • Eventuelle kontaktar med institusjonar, nettverk etc. i Berlin.


Hardangerrådet tek imot og registrerar søknadane

OM HUSVÆÆRET/ HUSREGLAR


Husværet ligg i tredje høgd i eit gamalt og sjamerande bygg. Det har enkel standard. Huseigar har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn og praktiske råd. Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre. Ein må sjølv vaske etter endt opphald.
Kunstnarane som får tildelt opphald må betale 700 kr per veke per person for tildelt periode. Den som har fått tildelt opphaldet pliktar å gi opplysning til Hardanger Kunstlag om ein har overnattande gjester, kor mange og over kor mange døgn. Opphaldet vert fakturert i etterkant.

 

Husreglane finn du HER 


Husværet ligg rett ved S-banestasjonen Schöneberg som tek deg deg overalt, vidare til U-banen osb. Schöneberg er og eit eigna utgangspunkt for buss.

KVIFOR HARDANGER - BERLIN?


Kunstuttrykk er ein del av samtida dei blir skapt i. Difor treng aktørane innan kunst og kultur - som alle andre yrkesgrupper - å oppgradera seg i kva som skjer innan sitt fagfelt. Ein treng kontakt med fagfeller og miljø som gjev nye innfallsvinklar, idear og kunnskap. Ein treng å sjå og oppleva kunst på internasjonalt nivå – og alt dette får ein i Berlin. Inntrykka frå storbyen har ein med seg som eit fagleg depot. Det gir grunnlag for utvikling av nye prosjekt, konsertar, utstillingar, ulike kultur og kunst arrangement samt i undervisning til barn og vaksne i Hardanger og Vestland. Hardanger Berlin er eit spleiselag samensatt av Hardanger Kunstlag, Eidfjord kommune, Hardangerkommunane og Vestland fylkeskommune.


Kunstnararkiv 2006 - 2023



Aud Bækkelund

Annlaug Børsheim

Annlaug Marie Tolo

Arild Helleland

Arnhild Litlerè

Anne Hesvik

Anna Einemo Frøysland

Benedicte Maurseth

Brit Aksnes

Brita Grov

Berit E.Frøysland

Bodil L. Rørtveit


Eli Raa Nilsen

Els Geelen

Erlend A. Bolstad

Elisabeth Emmerhoff

Eirik Bøen Gravdal

Ellen Harrison

Eli Gunnvor Grønsdal

Frode Halvorsen

Fredrik Høstaker

Grete Byrkjeland

Heidi Marie Vestrheim


Inger Elisabeth Aarvik

Inger Lise Vikne

Ingerid Jordal

Ingvild Ystanes

Ingeborg Blom Andersskog

Ingunn van Etten

Inger Kristine Riber

Iben Mansfeld

Jørn Kurt Bergo

Johild Mæland

Jorid Lekve Eide

Judy Sirks Vevle


Kwestan Jamal Bawan

Kristin Mulders

Kjell-Erik Ruud

Kamilla Sajetz Mathisen

Kristian Tiller Torsvik

Lisa Him Jensen

Lars Ove Seljestad

Linn Heidi Stokkedal

Leander Djønne

Lars Korff Lofthus

Leif Ingvar Ranøien

Lillian Samdal

Maria Nerhus

Mari Skeie Ljones

Marita V. Bratteteig

Monica Takvam


Ole Mads Sirks Vevle

Pål Gunnar Dale

Pernille Rosfjord

Renate Rivedal

Rannveig Djønne

Rannveig Helen Lægreid

Randi Storaas

Rigmor Hovland

Reidun Horvei

Stein Urheim

Silje Hveem

Solbjørg Tveiten

Synneva Heradstveit

Sondre Bjørgum

Solfrid Aksnes

Silje Fortun Solvi


Torleif Bay

Tone Tornøe

Torbjørn Ljones

Thomas Bruvik

Vigdis Nielsen

Vilde Jensen Hjetland

Ådne Dyrnesli

Åse Berit Skeie Ulltang

Ørjan Hartveit

unsplash